Det europeisk solidaritetskorps

Tittel

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2018/1475 av 2. oktober 2018 som etablerar lovgrunnlag for Det europeiske solidaritetskorpset, og endrar forordning (EU) nr. 1288/2013, (EU) nr. 1293/2013, (EU) nr. 1303/2013, (EU) nr. 1305/2013, (EU) nr. 1306/2013 og avgjerd nr. 1313/2013/EU

Regulation (EU) 2018/1475 of the European Parliament and of the Council of 2 October laying down the legal framework of the European Solidarity Corps and amending Regulations (EU) No 1288/2013, (EU) No 1293/2013, (EU) No 1303/2013, (EU) No 1305/2013, (EU) No 1306/2013 and Decision No 1313/2013/EU

Siste nytt

EØS-komitebeslutning 8.5.2019 om innlemmelse i EØS-avtalen

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

Red. anm.: Beslutningen om innlemmelse av forordningen i EØS-avtalen gjelder kun Island. Norge og Liechtenstein vil ikke delta i Det europeiske solidaritetskorpset.

BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 30.1.2019)

Sammendrag av innhold

Forslag frå Kommisjonen:
Kommisjonen la 30. mai 2017 fram sitt framlegg til Det europeisk solidaritetskorpset (European Solidarity Corps). Dette vart vedteke 2. oktober 2018. Programmet fekk då eit eige rettsgrunnlag, og vart tildelt 341,5 millionar euro for perioden 2018 – 2020. Solidaritetskorpset går dermed over i sin andre fase. I den første fasen, 2017, har solidaritetskorpset vore ein del av eksisterande program, som Erasmus+. Noreg har delteke i denne fasen. Etter 2020 kjem tredje fase. Tredje fase er knytt til det nye langtidsbudsjettet i EU (Multiannual Financial Framework 2021 - 2027). Forslaget til rettsakt for dette programmet kom 12. juni 2018, og kan finnast her: https://eur-lex.europa.eu/legal-content/EN/TXT/?uri=COM%3A2018%3A440%3AREV1

Forordninga art. 11 1. (b) (ii) opnar for at Noreg kan delta som EØS EFTA-land. Deltakinga omfattar ikkje programaktivitetane arbeid og opplæring. Desse aktivitetane er berre for EU-land.

Kva er det europeiske solidaritetskorpset?

Deltakarane i det europeiske solidaritetskorpset skal kunne melde seg til tre typar utplassering: frivillig, opplæring og arbeid. Solidaritetskorpset skal bygge på styrkane og synergiane til dei eksisterande programma, særleg voluntørtenesta. Solidaritetskorpset skal ha større merksemd på solidaritet som motivasjon, og skal også vere enklare å bli ein del av. Solidaritetskorpset skal du kunne melde interesse for via ein nettportal.

Frivillig arbeid

Dersom dei melder seg til frivillig arbeid skal dei gjere frivillig arbeid i ein periode på opp til 12 månadar. Utplasseringa kan vere både på tvers av landegrenser og nasjonalt. Personar mellom 18 og 30 kan utplasserast som voluntørar. Deltakarane vil få diverse oppfølging tilsvarande som ved opplæring og arbeid, som førebuande opplæring, forsikring, deltakarbevis og etterfølgjande oppfølging. Deltakarane får også stønad til å dekke kostnadar.

Opplæring

Dersom deltakaren er utplassert i opplæring skal vedkommande få arbeidserfaring mellom to og tolv månadar. Deltakaren vil arbeide hos ein vertsorganisasjon basert på ein avtale som inneheld både opplæring og arbeid, og har som formål å skaffe deltakaren yrkeserfaring. Utplasseringa kan skje både i deltakaren sitt eige land eller anna land. Deltakarane får tilsvarande oppfølging som ved frivillig arbeid og arbeid, både når det gjeld førebuande opplæring, forsikring, deltakarbevis og etterfølgjande oppfølging. Deltakarane får dekka reisekostnadar og særskilde kostnadar (t.d. for funksjonshemma personar), i tillegg til godtgjersle frå vertsorganisasjonen.

Arbeid

Dersom deltakaren er utplassert i arbeid skal vedkommande arbeide i tre til tolv månadar basert på ei arbeidskontrakt i samsvar med nasjonalt regelverk i vertslandet. Arbeidet kan skje både i eige land og utanfor eige land. Tiltaket skal mellom anna hjelpe dei over i arbeidsmarknaden. Ungdom som deltek vil få tilsvarande oppfølging som ved frivillig arbeid og arbeid, både når det gjeld førebuande opplæring, forsikring, deltakarbevis og etterfølgjande oppfølging. Deltakaren får lønn frå arbeidsgjevar, i tillegg til reisekostnadar og særskilde kostnadar (t.d. for funksjonshemma personar).

Finansiering

Deltakarorganisasjonar kan få finansiering frå det europeiske solidaritetskorps-programmet, eller andre EU-program eller anna ekstern finansiering. Uavhengig av finansiering vil organisasjonane måtte oppfylle kvalitetskriterie for å tilby utplassering gjennom programmet.

Vertsorganisasjonane

Organisasjonar som ynskjer å bli vertsorganisasjonar må oppfylle kritera for kvalitetsmerket "Quality Label". Kvalitetsmerket tildeleast etter ein søknadsprosess. Søknadane vert handsama av nasjonalkontor eller Education, Audiovisual and Culture Executive Agency. Merket kan trekkast tilbake dersom organisasjonane ikkje lenger oppfyller kriteria.

Solidaritetsprosjekt

Gjennom det europeiske solidaritetskorpset tilbyr ein også solidaritetsprosjekt. Det er lokale initiativ som er sett opp med grupper på minimum fem deltakarar og gjennomfører eigne prosjekt til fordel for deira lokalmiljø. Prosjekta kan setjast i gang av fem registrerte deltakarar i det europeiske solidaritetskorpset. Prosjektet mottek noko stønad frå solidaritetskorpset til å starte opp. I tilleg er det tilbod om opplæring, deltakarprov, forsikring og ekstra utgifter til dømes til funksjonshemma deltakarar. Solidaritetsprosjekt kan også få støtte frå deltakande organisasjonar, både økonomisk, administrativt og anna støtte. Kommisjonen omtalar dette som "seed money".

Nettverksaktivitet

Programmet vil også støtte aktivitetar som skal styrke tilhøyrigheita til korpset, styrke attraktiviteten ved korpset og bidra til å bygge nettverk.

Ressurssenter

Eit av nasjonalkontora vil ha ansvar for å huse "European Solidarity Corps Resource Centre". Dette skal ha ein støttefunksjon for andre aktørar som skal gjennomføre programmet, t.d. andre nasjonalkontor eller deltakande organisasjonar.

Merknader
Rettsakta har heimel i Treaty on the Functioning of the European Union art. 165 og 166.

Rettsakta endrar fleire rettsakter, mellom anna forordning (EU) 1288/2013 som etablerar lovgrunnlag for Erasmus+-programmet. Denne er ein del av EØS-avtalen, jf. protokoll 31 2n.

Rettslige konsekvenser
Rettsakta vil ikkje medføre endringar av norsk regelverk.

Rettsakta skal grupperast i gruppe 3 (rettsakter som ikkje har konsekvensar for norsk lovgjeving).

Økonomiske og administrative konsekvenser
Ved eventuell deltaking vil Noreg måtte sette av midlar til å dekke kontingent for å vere med. Den er estimert til kring 6 millionar euro for programperioden. I tillegg kjem kostnadar til drift av nasjonalkontor i Bufdir.

Sakkyndige instansers merknader
Rettsakta har vore handsama på skriftleg prosedyre i spesialutvalet for utdanning, der berørte departement er representert.

Vurdering
Programmet er å rekne som EØS-relevant, men det er valfritt å delta. Regjeringa ynskjer å prioritere andre tiltak for barn og unge, og vil difor ikkje finansiere norsk deltaking. Rettsakta vert difor ikkje å rekne som akseptabel.

Innholder informasjon unntatt offentlighet, jf. offl. § 14

Status
Rettsakta er i kraft i EU frå 5. oktober 2018. Island har signalisert at dei ynskjer delta frå 2019. Liechtenstein vurderer si deltaking. Noreg har beslutta å ikkje delta, jf. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/noreg-deltek-ikkje-i-european-soli....

Nøkkelinformasjon

EØS



EFTA/EØS-flagg
EØS-prosessen
Saksområde
Utkast til EØS-komitevedtak oversendt EU
20.02.2019
EØS- komitebeslutning
EØS-beslutningens ikrafttredelse
09.05.2019
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
01.01.2019
Annen informasjon (EFTA/EØS)

Lovdata Pro



Lovdata
Rettsakten i Lovdata Pro 32018R1475
Har du ikke abonnement? Les mer om Lovdata Pro