Det europeiske institutt for forbedring av leve- og arbeidsvilkår (Eurofound)

Tittel

Rådsforordning (EØF) nr. 1365/75 av 26. mai 1975 om opprettelse av Det europeiske institutt for forbedring av leve- og arbeidsvilkår

Regulation (EEC) No 1365/75 of the Council of 26 May 1975 on the creation of a European Foundation for the improvement of living and working conditions

Siste nytt

Høring igangsatt av Kommisjonen 5.4.2017

Avtalegrunnlag:
Bilateral avtale Norge-EU
Program eller byrå:
Byrå

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra Stortingsmelding nr. 29 (2010-2011)

Eurofound – The European Foundation for the Improvement of Living and Working Conditions, også kalla Dublin-instituttet – blei oppretta som ein av dei tidlegaste EU-institusjonane, i 1975. Formålet med institusjonen er mellom anna å framskaffe kunnskap og informasjon, råd og ekspertise om levekår og forholda i arbeidslivet i Europa, og om «industrial relations» og større omstillingar i europeisk arbeidsliv.

Dei primære brukarane av Eurofound er dei tre partane i EU: arbeidstakarane, arbeidsgivarane og styresmaktene, og dessutan EUs policyorgan.

Eurofound har etablert fleire rapporterings- og observasjonssystem for å følgje utviklinga på sentrale område innanfor europeisk arbeidsliv: The European Industrial Relations Observatory (EIRO), European Working Conditions Observatory (EWCO) og The European Restructuring Monitor (EMR).

Eurofound gjennomfører vidare ei stor undersøking av utviklinga i det europeiske arbeidslivet (European Survey on Working Conditions), som er blitt teken opp att kvart femte år frå 1990.

Noreg prioriterer medverknad her og har vore med i dei tre siste undersøkingane. Arbeidsdepartementet, saman med LO og NHO, representerer EFTA-/EØS-landa og har observatørstatus i det trepartssamansette styret for Eurofound. Noreg oppnemner òg nasjonale rapportørar til dei tre nemnde «observatoria» under Eurofound.

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
EU-vedtak (CELEX-nr)
Dato
26.05.1975
Annen informasjon

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Arbeids- og inkluderingsdepartementet