Det europeiske nasjonal- og regionalregnskapssystem (ENS 1995): gjennomføringsbestemmelser om utgifter og inntekter i offentlig forvalting
Kommisjonsforordning (EF) nr. 1500/2000 av 10. juli 2000 om gjennomføring av rådsforordning (EF) nr. 2223/96 med omsyn til utgifter og inntekter i offentleg forvalting
Commission Regulation (EC) No 1500/2000 of 10 July 2000 implementing Council Regulation (EC) No 2223/96 with respect to general government expenditure and revenue
Norsk forskrift kunngjort 15.12.2020
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra kommisjonsforordningen, norsk utgave)
1) I medhald av artikkel 104 nr. 2 i traktaten skal Kommisjonen overvake utviklinga av budsjettsituasjonen.
2) Innhaldet i og forma til stabilitets- og tilnærmingsprogramma skal fremje ei betre forståing av framgangsmåten for fastsetjing av saldoen i offentleg forvalting og av budsjettstrategien generelt, og det bør skaffast tilleggsopplysningar om høvetala med omsyn til utgifter og inntekter.
3) Nasjonalrekneskapsreglane, og særleg omgrepa i ENS 95, vert rekna som verktøy for å sikre at dataa til medlemsstatane kan jamførast og er oversiktlege.
4) I vedlegg A «Det europeiske nasjonalregnskapssystem ENS 95» til «ENS 95»-forordninga vert ikkje utgifter og inntekter i offentleg forvalting nemnde, men vedlegget utgjer ramma for korleis dei kan spesifiserast ved at det vert vist til ei liste over ENS 95-kategoriar.
5) Innføringa av aggregat med omsyn til utgifter og inntekter i offentleg forvalting gjer at planen for innsending av nasjonalrekneskapsdata må endrast tilsvarande.
6) Ei tilleggsframlegging i mars kvart år av hovudstorleikane for offentleg forvalting (årlege data) vil gje nyttige opplysningar om utviklinga med omsyn til det offentlege underskotet.
7) Etter artikkel 2 nr. 2 jamførd med artikkel 3 nr. 2 i forordning (EF) nr. 2223/96 skal endringar av ENS 95 som skal klarleggje og betre innhaldet, og som krev endringar i dei opplysningane som medlemsstatane skal leggje fram, vedtakast av Kommisjonen i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 4 i den nemnde forordninga.
8) Utvalet for penge-, finans- og betalingsbalansestatistikk, som vart oppnemnt ved rådsavgjerd 91/115/EØF, er vorte rådspurt.
9) Dei tiltaka som er fastsette i denne forordninga, er i samsvar med fråsegna frå Utvalet for det statistiske programmet, som vart oppnemnt ved avgjerd 89/382/EØF, Euratom