Det europeiske nasjonal- og regionalregnskapssystem (ENS): gjennomføringsbestemmelser om fordelingen av finansformidlingstjenester indirekte målt (FISIM)
Kommisjonsforordning (EF) nr. 1889/2002 av 23. oktober 2002 om gjennomføring av rådsforordning (EF) nr. 448/98 om utfylling og endring av forordning (EF) nr. 2223/96 med hensyn til fordelingen av finansformidlingstjenester indirekte målt (FISIM) innenfor rammen av det europeiske nasjonal- og regionalregnskapssystem (ENS)
Commission Regulation (EC) No 1889/2002 of 23 October 2002 on the implementation of Council Regulation (EC) No 448/98 completing and amending Regulation (EC) No 2223/96 with respect to the allocation of financial intermediation services indirectly measured (FISIM) within the European System of national and regional Accounts (ESA)
EØS-komitebeslutning 26.4.2004 om innlemmelse i EØS-avtalen
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra kommisjonsforordningen, norsk utgave)
1) Rådsforordning (EF) nr. 2223/96 av 25. juni 1996 om det europeiske nasjonal- og regionalregnskapssystem i Fellesskapet, sist endra ved europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 359/2002 (heretter kalla «ENS 95»), inneheld referanseramma for dei felles standardane, definisjonane, klassifikasjonane og rekneskapsreglane som skal nyttast ved utarbeidinga av rekneskapane til medlemsstatane til bruk i samband med etterspurnaden etter statistikkar i Fellesskapet, slik at det vert mogleg å oppnå resultat som kan jamførast medlemsstatane imellom.
2) Vedlegg I til forordning (EF) nr. 448/98 endrar vedlegg A til forordning (EF) nr. 2223/96 med sikte på å innføre prinsippet om fordeling av FISIM i ENS 95-metodikken og å fastsetje forsøksmetodar for fordeling av FISIM som skulle prøvast ut av medlemsstatane frå 1995 til 2001. Prøveperioden var lang nok til å vurdere om fordelinga gav meir pålitelege resultat enn den noverande nullfordelinga med sikte på ei korrekt registrering av den aktuelle økonomiske verksemda.
3) I samsvar med artikkel 5 nr. 1 i forordning (EF) nr. 448/98 la Kommisjonen fram for Europaparlamentet og Rådet ein sluttrapport 21. juni 2002 som omfatta ei kvalitativ og kvantitativ vurdering av verknadene av forsøksmetodane for fordeling og utrekning av FISIM. Denne sluttrapporten konkluderte med at resultata frå prøveperioden var positive, ettersom det er allment godkjent at fordelinga av FISIM vil føre til store betringar i ENS 95-metodikken og til ei meir nøyaktig jamføring av bruttonasjonalproduktet (BNP) innanfor Den europeiske unionen.
4) Ettersom konklusjonane i den endelege vurderingsrapporten om pålitsgraden til dei resultata som er nådde i prøveperioden er positive, må den metoden som skal nyttast ved fordelinga av FISIM, vedtakast før 31. desember 2002, i samsvar med artikkel 5 nr. 3 i forordning (EF) nr. 448/98.
5) I sluttrapporten sin til Europaparlamentet og Rådet gav Kommisjonen uttrykk for at to år i tillegg kan vere nyttig for å gjere det mogleg for medlemsstatane å betre ytterlegare dei kjeldene og metodane som vert nytta ved fordelinga av FISIM.
6) Utvalet for penge-, finans- og betalingsbalansestatistikk (CMFB), som vart oppnemnt ved rådsavgjerd 91/115/EØF, endra ved avgjerd 96/174/EF, er vorte rådspurt.
7) Dei tiltaka som er fastsette i denne forordninga, er i samsvar med fråsegna frå Utvalet for det statistiske programmet (SPC