EU-programmet for elektroniske offentlige tjenester til forvaltingen, foretak og borgere (IDABC) (2004-2009)
Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2004/387/EF av 21. april 2004 om samverkande yting av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester til offentlege forvaltingar, føretak og borgarar (IDABC)
Decision 2004/387/EC of the European Parliament and of the Council on interoperable delivery of pan-European eGovernment services to public administrations, businesses and citizens (IDABC)
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra St. prp. nr. 54 (2005-2006))
I IDABC-programmet vert det lagt opp til å fjerne hindringar for elektronisk kommunikasjon mellom offentlege styresmakter på alle nivå, i tillegg til mellom verksemder og borgarar. Det er venta at dette skal medverke til å betre vilkåra for næringslivet i Europa og dermed redusere dei administrative byrdene og avgrense byråkratiet. I programmet vert det lagt til grunn at betra yting av e-forvaltingstenester gjer det mogleg for verksemder og borgarar å kommunisere aktivt med offentlege styresmakter utan å ha IT-dugleik eller kunnskap om korleis offentlege styresmakter er organiserte på førehand.
IDABC er ei vidareføring av tidlegare IDA-program med prosjekt som støttar mange politikkområde i EØS-samarbeidet. Tidlegare IDA-program er vortne evaluerte og framheva som nokre av EUs mest vellykka program. Det er ønskjeleg at dei gode resultata vert vidareførde og nytta om att på nye område med IDABC. IDABC-programmet støttar utviklinga av e-forvaltingstenester og underliggjande infrastruktur på to måtar:
a. Programmet støttar prosjekt av felles interesse som skal gjennomførast av Fellesskapet og medlemsstatane i samarbeid. Prosjekta skal medverke til vidare utvikling av dei felleseuropeiske offentlege tenestene på ei rekkje politikkområde. Aktuelle politikkområde er førde opp i vedlegg I til rettsakta og omfattar dei fleste av saksområda som er dekte av det europeiske samarbeidet. Støtte kan òg gjevast til å fremje utveksling av informasjon mellom EUs institusjonar og til å utvide prosjekt av felles interesse til tredjestatar og internasjonale organisasjonar.
b. Programmet støttar opp om gjennomføring av ei rekkje tverrgåande tiltak som er nemnde i vedlegg II til rettsakta. Desse tiltaka skal støtte prosjekt av felles interesse, medrekna utvikling av spesifikasjonar for felles infrastruktur, verktøy, metodar, tilrådingar og standardar som er naudsynte for at ulike sektorprosjekt kan oppnå effektiv kommunikasjon og samhandling mellom offentleg forvalting, verksemder og enkeltpersonar.
Norsk deltaking i programmet opnar for at norske sektorstyresmakter kan utnytte felles telematikkløysingar på lik linje med EUs eigne medlemmer, utan tilleggskostnader eller meiradministrasjon. Sektorområde der Noreg i dag nyttar resultat frå tidlegare IDA-aktivitetar er m.a. statistikkområdet, miljøsektoren og overvaking av ureiningar, helseområdet med varsling av sjukdommar, lækjemiddelsamarbeid, mathelse, plantevern, dyrehelse og arbeidsmarknad.
I avgjerda er det førd opp detaljerte kriterium for kva politikkområde og horisontale tiltak som kan få støtte til utviklingsprosjekt, i tillegg til gjennomføringsprinsipp, føresegner om evaluering og nyttevurderingar for prosjekta i programmet.
Kommisjonen utarbeidar eit rullerande arbeidsprogram for prosjekta i programmet.
Representantar frå medlemsstatane hjelper Kommisjonen med styringa av programmet gjennom ein forvaltingskomité (Pan-European eGovernment Services). EØS-EFTA-statane vil få ta del som observatørar i denne komiteen.
Administrative og økonomiske konsekvensar
Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil ha koordineringsrollen for IDABC.
Den totale kostnadsramma for IDABC i perioden 2005-2009 er 148,7 millionar euro, dvs. gjennomsnittleg 29,74 millionar euro per år. Noreg vil i alle høve ta del i programmet først frå og med 2006. Det er lagt opp til at EØS-EFTA-statane skal dekkje 2,11 prosent (2005-nivået) av det totale budsjettet. Det vil seie at tilskot frå EØS-EFTA-statane vil vere på om lag 2,51 millionar euro over fire år i perioden 2006-2009. Med ein kronekurs på 8,2 vil dette utgjere om lag 20,6 millionar kroner over fire år. Noregs del på 95 prosent vil vere om lag 19,6 millionar kroner, dvs. vel 5 millioner kroner per år. I tillegg kjem utgifter til administrative kostnader og nasjonale oppfølgingsaktivitetar. Dei samla årlege kostnadene vert dermed rekna til å vere om lag 6 millionar kroner.
Kostnadene til norsk deltaking vil delvis verte dekte med inntil 3 millionar kroner over Fornyings- og administrasjonsdepartementet kap. 1500. Resterande kostnader vil verte samfinansierte med ei rekkje departement som programmet vedkjem.
Deltaking i programmet vil ikkje føre til krav om endringar i norsk regelverk.
Konklusjon og tilråding
EU-programmet IDABC vil vere eit sentralt verkemiddel for realisering av handlingsplanen i 2010 og andre informasjonssamfunnsspørsmål. Noreg tek del i EUs målsettingar for IT-politiske aktivitetar og difor er det Fornyings- og administrasjonsdepartementet si oppfatning at Noreg vil kunne ha stor nytte av å ta del i programmet. Noreg vil difor ha mykje å vinne gjennom eit tettare europeisk samarbeid.
Deltaking i IDABC vil lette den nasjonale koordineringsrolla til Fornyings- og administrasjondepartementet ved å gje norsk forvalting tilgang til felles verktøy, metodar, tekniske tilrådingar og kravspesifikasjonar som vert utvikla felles i EU, og som kan nyttast om att nasjonalt og på tvers av sektorar. Vidare er programmet ein innfallsport til arbeidsgrupper under Europakommisjonen der ein kan spille inn arbeidsmodellar og løysingseksempel på område der Noreg ligg langt framme. Eit eksempel i denne samanhengen er utvikling av regelverk for offentlege innkjøp som legg til rette for meir effektiv bruk av ny teknologi, og der Noreg medverkar aktivt. For Noregs del handlar deltaking i programmet òg om å kome i inngrep med dei utviklings- og fornyingsprosessane som EU gjennomfører på områda elektronisk forvalting og utnytting av IT.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet tilrår at Noreg tek del i avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2006 av 10. mars 2006 om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltakinga til EFTA-EØS-statane i EU-programmet IDABC. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.