EUs finansieringsordning for sivil krisehåndtering (2007-2013)
Rådsvedtak 2007/162/EF, Euratom av 5. mars 2007 om opprettelse av en finansieringsordning for sivil krisehåndtering
Council Decision 2007/162/EC, Euratom of 5 March 2007 establishing a Civil Protection Financial Instrument
Evalueringsrapport lagt fram av Kommisjonen 10.11.2011
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra St.prp. nr. 66 (2006-2007))
Noreg har sidan 1998 teke del i EUs handlingsprogram for katastrofevernebuing, jf. St.prp. nr. 45 (1999-2000). Dette programmet vart lengt ut perioden 2006, jf. St.prp. nr. 51 (2004 – 2005). Frå 2002 har Noreg òg teke del i det operative verktøyet, den såkalla fellesskapsordninga for sivil krisehandtering, jf. St.prp. nr. 37 (2002-2003). Deltakinga er basert på EØS-avtala og inneber rett til deltaking i arbeids- og styringsgrupper under Kommisjonen i tillegg til innmelding av norske ressursar som kan mobiliserast etter oppmoding frå krisekoordineringssenteret til Kommisjonen.
Den nye finansieringsordninga til EU for sivil krisehandtering gjev retningslinjer for finansiering av innsats og krisehandtering ved større katastrofar, med utgangspunkt i det tidlegare handlingsprogrammet og fellesskapsordninga for sivil krisehandtering. Den nye finansieringsordninga for sivil krisehandtering gjev fellesskapsordninga ei økonomisk plattform og har same lengd som EUs langtidsbudsjett. Rådet forhandlar no om innhaldet i eit vedtak om korleis fellesskapsordninga kan verte styrkt. Det er venta at dette rådsvedtaket vert vedteke til hausten. Inntil den nye fellesskapsordninga er vedteken, vert den tidlegare ordninga som er omtala i St.prp. nr. 37 (2002-2003), vidareførd.
Intensjonen med den nye finansieringsordninga er først og fremst å sikre betre vern av menneske, men òg miljø, eigedom og kulturverdiar. Ordninga dekkjer hendingar som har årsak i natur, menneske, terrorhandlingar, teknologiske kriser og kriser knytte til stråling, kjernekraft og miljø, medrekna kystureining nær land både innanfor og utanfor Den europeiske unionen. Ordninga rører ikkje ved pliktene under anna lovgjeving i EU eller andre internasjonale avtaler. Finansieringsordninga for sivil krisehandtering opnar for samarbeid med kandidatstatar og andre tredjestatar som har avtaler med Fellesskapet som opnar for dette.
Ordninga opnar for at Kommisjonen kan finansiere ulike transportmiddel for å støtte og effektivisere dei nasjonale innsatsane når det skjer ei katastrofe. Medlemsstatane og EØS-statane kan få dekt 50 % av transportkostnadene dersom dei under ei katastrofe ber om hjelp til å frakte assistansen til det katastroferamma landet. Det betyr at Noreg på visse vilkår kan få dekt 50 % av transportkostnadene av Kommisjonen dersom vi tilbyr hjelp i Europa og i tredjestatar. Ordninga vil òg finansiere ulike prosjekt, øvingar, trening, og utveksling av fagkunnskap når det gjeld førebygging av alle slags kriser innanfor sivil krisehandtering.
Ordninga vil òg styrkje preventive tiltak og førebygging av alle slags kriser som tidlegare kom inn under handlingsprogrammet for sivil krisehandtering.
Ordninga vil styrkje Kommisjonens krisekoordineringssenter. Krisekommunikasjonssystemet CECIS vil verte oppgradert for påliteleg og sikker kommunikasjon mellom medlemsstatane i tillegg til at eksisterande varslingssystem vil verte vidareutvikla.
Finansieringsordninga opnar vidare for å gå ut i marknaden og leige transportmiddel i tillegg til anna utstyr som trengst under ei krisehandtering. Ordninga inneheld ei rekkje vilkår for at dette kan verte utført, m.a. at dei statane som tek del, manglar dei ressursane som dei leiger, og at styresmaktene i det katastroferamma landet har akseptert hjelpa. Kommisjonen har fått fullmakt til å leige transportmiddel dersom dei statane som tek del, manglar transport under ei katastrofehandtering. Det er sett som krav at høgst 50 % av budsjettet skal kunne nyttast til å supplere eller støtte dei statane som tek del, med transport eller materiell som nemnt ovanfor.
Den finansielle støtta som statane får under denne ordninga, skal ikkje overlappe andre program i EU.
Det følgjer av rådsvedtaket at Kommisjonen skal støttast av ein komité for sivil krisehandtering som omfattar representantar frå deltakarstatane. Komiteen har kvartalsvise møte, og Noreg er representert ved Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) på vegner av Justis- og politidepartementet. Det kan òg vere aktuelt med deltaking frå Utanriksdepartementet i lys av tredjestatsinnsatsen.
Det følgjer vidare at Kommisjonen skal leggje fram ei evaluering av finansieringsordninga for sivil krisehandtering innan 30. juni 2010. Innan 31. desember 2011 skal Kommisjonen leggje fram ei tilråding om korleis denne finansieringsordninga skal vidareførast.
Styrking av fellesskapsordninga for sivil krisehandtering
Finansieringsordninga for sivil krisehandtering må sjåast i samanheng med fellesskapsordninga for sivil krisehandtering og katastrofevernebuing. Det er no i gang ein prosess i Rådet for å styrkje og vidareføre denne ordninga.
Det overordna føremålet med fellesskapsordninga er å leggje til rette for at ressursane til dei statane som tek del, kan verte nytta på best mogleg måte ved ulike typar kriser i og utanfor Unionen. Det er opp til det katastroferamma landet å be om støtte frå andre statar og frå Kommisjonen. Dersom det kjem ein førespurnad om hjelp, skal Kommisjonens krisekoordineringssenter vidaresende denne til dei nasjonale kontaktpunkta til dei statane som tek del, som i Noreg er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Det er opp til kvar einskild stat å avgjere om og korleis han skal svare på førespurnaden om hjelp.
Styrkinga av fellesskapsordninga for sivil krisehandtering og katastrofevernebuing skal effektivisere den operative støtta frå medlemsstatane og leggje til rette for auka samarbeid. Sivil krisehandtering og katastrofevernebuing er eit nasjonalt ansvar, og hovudrolla til Kommisjonen er å støtte dei nasjonale innsatsane. Noreg kan medverke med ulike nasjonale ekspertmiljø og andre ressursar i samband med sivil krisehandtering. Samarbeidet innan sivil krisehandtering og katastrofevernebuing styrkjer evna til innsats i kriser, og effektiviserer bruken av innsatsgrupper, ekspertar og andre ressursar gjennom ein solid struktur i tillegg til auka koordinering med andre internasjonale organisasjonar.
Innsats i tredjestatar
Der fellesskapsordninga for sivil krisehandtering og katastrofevernebuing vert aktivert etter ei oppmoding om hjelp utanfor dei statane som tek del, skal innsatsen styrast av dei grunnleggjande humanitære prinsippa. Desse byggjer på at hjelpa er ikkje-diskriminerande, uavhengig, upartisk og i tråd med kva dei som er ramma treng og ønskjer, slik det er fastsett i rådsforordning (EF) nr. 1257/96 om humanitær hjelp. I denne samanhengen vert det understreka at innsatsen må vere samordna med og i samsvar med andre internasjonale organisasjonar og spesielt Dei sameinte nasjonane (SN). Det er ein føresetnad at denne typen hjelp òg er samordna med med EUs eige organ for humanitær hjelp, ECHO.
Kommisjonen er ansvarleg for at dei midla som er knytte til finansieringsordninga for sivil krisehandtering, ikkje vert misbrukte, men er i samsvar med dei gjeldande finansielle føresegnene i EU. Inntil 4 % av budsjettet er sett av til kontroll, overvaking, tilsyn, evaluering og oppfølging av dei tiltaka og programma som vert finansierte under finansieringsordninga.
Administrative og økonomiske konsekvensar
Avgjerda i EØS-komiteen vil innebere ei plikt for EØS-EFTA-statane til å ta del i finansieringa av programmet.
Det finansielle bidraget til EØS-EFTA-statane til programdeltaking vert fastsett i medhald av artikkel 82 nr. 1 bokstav a) i EØS-avtala. Bidraget reflekterer den relative delen som bruttonasjonalproduktet til kvar stat utgjer i høve til det samla bruttonasjonalproduktet til EU-statane. For 2007 utgjer bidraget frå EØS-EFTA-statane 2,28 prosent av totalbudsjettet for finansieringsordninga til EU for sivil krisehandtering. Noregs del er 94,15 prosent av EFTA-bidraget. Desse to fordelingsnøklane vert justerte kvart år.
Finansieringsordninga for sivil krisehandtering har eit budsjett på 189 800 000 euro for perioden 2007-2013. EØS-EFTA-statane sin del av dette vil vere på om lag 4 327 000 euro. Noregs gjennomsnittlege årlege bidrag fordelt på programperioden vil utgjere om lag 5,7 millionar kroner, medrekna administrative kostnader.
Røynsler viser at faktiske utgifter som har kome på for kvart einskilt år i programperioden, vil variere i takt med framdrifta for dei prosjekta som inngår i programmet. Kontingentutbetalingane fordeler seg difor ujamnt over åra. Prosjekt som vert sette i gang mot slutten av ein programperiode, held fram også etter at det aktuelle programmet formelt er avslutta, i praksis i inntil tre år. Kontingentutbetalingane og nokre av følgjekostnadene vil difor fordele seg på fleire år enn programperioden.
Noregs bidrag til programdeltakinga har hittil vorte dekte over budsjettet til Justis- og politidepartementet gjennom Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Det vert gjort framlegg om at de norske bidraget framover òg vert dekt over budsjettet til Justisdepartementet ved Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, kap 451, post 01. Utanriksdepartementet vil dekkje utgiftene til den delen av programmet som kan knyttast til humanitær hjelp overfor tredjestatar over kap. 163, post 70. For 2007 vil det norske nettobidraget til det nye programmet utgjere totalt 373 421 euro eller om lag 3 mill. kroner.
Deltakinga i ordninga krev ikkje lov- eller forskriftsendringar.
Vurdering og tilråding
EUs samarbeid innan sivil krisehandtering og katastrofevernebuing skal redusere risiko for og skade på menneske, miljø, eigedom og kulturverdiar ved katastrofar, store uønskte hendingar og ulukker. På bakgrunn av røynsler frå større hendingar som har ramma Europa og europearar dei siste åra, ønskjer EU å styrkje dette samarbeidet. Nye økonomiske rammer og dagens politiske merksemd rundt krisehandtering og EUs evne til å drive krisehandtering i og utanfor EU, vil medverke til ytterlegare satsing på samarbeidet innan sivil krisehandtering og katastrofevernebuing.
Deltakinga i samarbeidet innan sivil krisehandtering og katastrofevernebuing vil styrkje den nasjonale vernebuinga. Noreg kan dersom det trengst be om hjelp i form av ekspertar, ressurar og kompetanse for å støtte nasjonal krisehandtering, og gjennom omfattande trenings- og kursprogram kan ekspertar få auka kompetansen sin innan sivil krisehandtering og katastrofevernebuing.
Det vil vere gunstig for Noreg å kunne påverke og styrkje arbeidet som er i gang i EU innanfor sivil krisehandtering og katastrofevernebuing i ein retning som utfyller og støttar arbeidet innan SN og andre internasjonale organisasjonar. Ettersom Noreg ikkje har tilgang til diskusjonen i Rådet, er Komiteen for sivil krisehandtering under Europakommisjonen ein viktig kanal der Noreg kan fremje faglege innspel og fange opp initiativ på eit tidleg stadium. Under visse føresetnader vil fellesskapsordninga for sivil krisehandtering og katastrofevernebuing vere ein reiskap for å støtte krisehandtering som fell innanfor avdeling V i EU-konvensjonen om EUs felles tryggleiks- og utanrikspolitikk (ESDP). Norsk deltaking i finansieringsordninga for sivil krisehandtering kan difor gjere det mogleg med ei nærmare tilknyting til ESDP.
Deltakinga i finansieringsordninga vil vere i tråd med dei måla som ligg til grunn for det nasjonale samfunnstryggleiksarbeidet, jfr. Innst. S. nr. 49 (2004-2005), jfr. St.meld. nr. 39 (2003-2004) «Samfunnstryggleik og sivilt-militært samarbeid».
Utanriksdepartementet vil peike på at utvidinga av ordninga til å gjelde innsats i tredjestatar der det oppstår humanitære kriser reiser fleire humanitærpolitiske og prinsipielle spørsmål. I første rekkje gjeld dette tilhøvet til SN og faren for at auka felleskapsengasjement kan føre til at fellesskapsengasjementet vil overlappe SNs innsats på det humanitære området. Det er SNs kontor for koordinering av humanitær hjelp (OCHA) som har hovudansvaret for å koordinere internasjonal humanitær hjelp. Frå norsk side er det ei hovudprioritering å støtte SN og OCHAs rolle på dette området. Gjennom deltakinga i programmet bør Noreg arbeide for å sikre SNs leiande rolle i koordineringa av humanitær hjelp, motverke overlapping og sikre effektiv arbeidsdeling med SN, Raudekross-systemet og andre sentrale humanitære aktørar. Dette samsvarar med haldninga til sentrale humanitære aktørar som Sverige og Storbritannia med omsyn til koordineringa av internasjonal humanitær innsats.
Det er viktig at den internasjonale humanitærpolitiske innsatsen og bruken av dei humanitære midla tek utgangspunkt i kva dei naudlidande treng og resultat i felten slik at det internasjonale hjelpearbeidet vert organisert på ein mest mogleg føremålstenleg, kostnadseffektiv og upartisk måte. Noreg er blant dei statane som har slutta seg til prinsippa om «godt humanitært gjevarskap» der dette står sentralt. Det må heller ikkje oppstå tvil om rolla og funksjonen til dei deltakande kapasitetane i den aktuelle krisa, t.d. ved bruk av ikkje-sivile element.
Norsk deltaking i ordninga inneber ikkje at Noreg legg opp til å kanalisere ytterlegare humanitære midlar til konkrete operasjonar gjennom ordninga. Hovudkanalane for Noregs humanitære hjelp bør framleis vere SN, Raudekrossen og frivillige organisasjonar. Utanriksdepartementet legg likevel vekt på det høvet aktiv deltaking i programkomiteen gjev til å påverke og koordinere EUs framtidige vegval med omsyn til kanalisering av hjelp ved internasjonale humanitære kriser og katastrofar.
Justis- og politidepartementet tilrår norsk deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.