Godkjening av avilamycin som tilsetningsstoff i fôrvarer
Rådsforordning (EF) nr. 355/2003 av 20. februar 2003 om godkjenning av tilsetjingsstoffet avilamycin i fôrvarer
Council Regulation (EC) No 355/2003 of 20 February 2003 on the authorisation of the additive avilamycin in feedingstuffs
EØS-komitebeslutning 8.2.2005 om innlemmelse i EØS-avtalen
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra kommisjonsforordningen, norsk utgave)
1) Etter artikkel 2 bokstav aaa) i direktiv 70/524/EØF krevst det at godkjenninga av antibiotika må vere knytt til den som er ansvarleg for marknadsføringa.
2) I artikkel 9 i det nemnde direktivet er det fastsett at eit stoff som er knytt til den som er ansvarleg for marknadsføringa av stoffet, kan godkjennast i eit tidsrom på ti år dersom alle vilkåra som er fastsette i artikkel 3a i det nemnde direktivet, er stetta.
3) Vurderinga av den dokumentasjonen som er send over med omsyn til det antibiotiske preparatet som er ført opp i vedlegget til denne forordninga, viser at dei vilkåra som er nemnde i artikkel 3a i det nemnde direktivet, er stetta, og produktet kan difor førast opp i kapittel I i lista over godkjende tilsetjingsstoff i fôrvarer i medhald av artikkel 9t bokstav b) i det nemnde direktivet. Denne lista gjeld tilsetjingsstoff som er godkjende for eit tidsrom på ti år.
4) I kommisjonsmeldinga av juli 2001 om ein fellesskapsstrategi mot resistens mot antimikrobielle stoff er det fastsett kva element som bør finnast i ein effektiv strategi mot resistens mot antimikrobielle stoff. Eitt av desse elementa er forbod mot bruk av antibiotika som vekstfremjande stoff i fôrvarer frå 1. januar 2006.
5) Kommisjonen har sendt over eit framlegg til europaparlaments- og rådsforordning om tilsetjingsstoff til bruk i fôrvarer, der det er fastsett at bruken av antibiotika som vekstfremjande stoff skal avviklast. Europaparlamentet har under den første handsaminga si av framlegget gjeve støtte til ei slik avvikling. I desember 2002 kom Rådet fram til ei politisk semje med sikte på å vedta ei felles haldning som krev at bruken av antibiotika som vekstfremjande stoff vert stansa innan 1. januar 2006. Godkjenningsperioden som er fastsett i denne forordninga, kan difor verte redusert monaleg som følgje av at den nye forordninga om bruk av tilsetjingsstoff i fôrvarer vert vedteken.
6) Då det ikkje ligg føre noka positiv fråsegn frå Det faste utvalet for næringsmiddelkjeda og dyrehelsa, har ikkje Kommisjonen vore i stand til å vedta dei planlagde føresegnene i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 23 i det førnemnde direktivet