Markeder for finansielle tjenester (MiFIR-forordningen): gjennomføringsbestemmelser om Singapore
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 6.4.2021)
Samandrag av innhald
Vedtaket er eit likeverdsvedtak for det rettslege og tilsynsmessige rammeverket for børsar og marknadsoperatørar i Singapore frå Europakommisjonen når det gjeld Råds- og Parlamentsforordning (EU) nr. 600/2014. Føremålet med vedtaket er å oppmode til at det utviklast ei tilstrekkeleg mengd godkjende handelsplassar slik at handelsplikta for OTC-derivat enklare kan fullbyrdast. Ved at fleire handelsplassar reknast som likeverdige etter MiFIR art. 28 vil det vere fleire tilgjengelege handelsplassar kor verdipapirføretak kan handle OTC-derivat som er underlagt handelsplikt.
Merknadar
Rettslege konsekvensar
Gjennomføring av likeverdsavgjerda i norsk rett vil eventuelt gjerast i forskrift med heimel i verdipapirhandellova.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Vedtaket får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.
Sakkyndige instansar sine merknadar
Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der berørte departement er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.
Vurdering
Kommisjonsvedtaket reknast som EØS-relevant og er akseptabel.
Status
Reglane er trådd i kraft i EU. Reglane er gjennomført ved forskrift om endring i forskrift om likeverdsvurderingar etter verdipapirmarkedsdirektivet og -forordningen.