Reduksjon av utslipp av metan fra olje-, gass- og kullvirksomhet

Tittel

Forslag til europaparlaments- og rådsforordning om reduksjon av metanutslipp fra energisektoren og endring av forordning (EU) 2019/942

Proposal for a Regulation of the European Parliament and of the Council on methane emissions reduction in the energy sector and amending Regulation (EU) 2019/942

Siste nytt

EØS-notat offentliggjort 20.6.2022

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 24.6.2022)

Samandrag av innhald

Bakgrunn.

EU-kommisjonen fremja forslag til ny forordning om metanutslepp i energisektoren 15. desember 2021. Den føreslegne metanreguleringa inngår som del av 'Fit for 55'-pakka (‘Klår for 55’-pakka) under EU sin grøne giv. Samla er denne reguleringspakka meint å sikre at EU når målsetjinga si om 55 pst. reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 og klimanøytralitet i 2050.

Forordningsforslaget byggjer på Europakommisjonen sin strategi for reduksjon av metanutslepp frå oktober 2020 (COM 2020) 633. I samsvar med denne introduserast forslag til reglar for måling, rapportering og verifisering av metanutslepp i energisektoren. Det leggjast til rette for transparens knytt til metanutslepp frå fossil energi som importerast til EU.

Fram til no har det ikkje vore EU-regulering for metanutslepp frå olje- og gassektoren, verken frå leiting, produksjon, prosessering, transmisjon, distribusjon, lagring eller frå LNG-terminalar. Desse områda er heller ikkje regulert under industriutsleppsdirektivet (2010/73/EU).

Forslaget har samanheng med internasjonalt klimasamarbeid under FN. Det vert mellom anna synt til Global Methane Pledge, som vart lansert under COP 26 i Glasgow.

Forslaget har eigne føresegner knytta til metanutslepp frå kolgruver. Desse er ikkje relevante for Noreg.

Føremål

Føremålet med forslaget er tredelt:

  1. Å få betre kunnskap om omfanget av metanutslepp knytt til energiproduksjon og konsum i EU, deriblant å sikre tilgjengelege data for utslepp på dei einskilde utsleppskjeldene.
  2. Å sikre effektiv reduksjon av metanutslepp på tvers av heile energiverdikjeda i EU, gjennom å stille bindande krav.
  3. Å auke tilgjengelegheita av informasjon om metanutslepp knytt til fossil energi som vert importert til EU, for slik å insentivere kutt i metanutslepp frå partnarland og legge til rette for transparens i marknaden.

I forklaringsteksten innleiingsvis til forordninga, avsnitt (4), vert det synt til at 19 prosent av metanutslepp er knytt til konsum av fossil energi i EU. Resten av metanutsleppa kjem frå jordbruk og avfall. Kommisjonen føreslår difor at EU og medlemsstatane samlar seg kring eit regelverk med krav for metanutslepp – òg knytt til energiimporten sin, med ynskje om å påverke energiprodusentar også utanfor EU sine grenser.

Konkret inneheld forordningsforslaget følgjande kapittel:

Kapittel 1 Generelle føresegner

Kapittel 1 tek føre seg tematikken og bruksområdet til forordninga, samt definisjonar og kostnadar for operatørar som omfattast av forordninga. Her kjem det fram at forslaget skal gjelde både for oppstraums olje- og gassutvinning og prosessering, samt transmisjon, distribusjon, lagring og LNG-terminalar. Det dekkar òg metanutslepp som finn stad utanfor EU, i form av krav til informasjon fra importører.

Det stillast vidare krav til regulator ved fastsetjing eller godkjenning av tariffar. Kostnadar knytt til å overhalde krava som følgjer av forordningsforslaget, skal inngå i fastsetjinga av tariffar og metodar som nyttast av systemansvarlege, distribusjonsnettoperatørar eller operatørar av LNG-terminalar eller gasslager m.m. ACER skal kvart tredje år utarbeide og offentleggjere indikatorar og referanseverdiar for samanlikning av investeringskostnadar for måling, rapportering og reduksjon av metanutslepp for prosjekt som kan samanliknast.

Kapittel 2 Ansvarleg myndigheit og uavhengig verifisering

Kvart medlemsland skal peike ut ein ansvarleg myndigheit for måling og handheving av krava i forordninga, deriblant utføre inspeksjonar. Det vert føreslege mekanismar for klagetilgang frå fysiske eller juridiske personar, for manglande oppfylling av forordninga sine krav. Rapportering etter forordninga sine krav skal vidare verifiserast av ein uavhengig og akkreditrert aktøra.

Det internasjonale observatoriet for metanutslepp under FN skal bidra til verifiseringa.

Kapittel 3 Metanutslepp i olje- og gassektoren

Det vert innført krav til overvaking og rapportering av metanutslepp, med jamne intervallar, til ansvarleg nasjonal myndigheit. Rapportane skal bli utarbeida basert på malar gitt av Europakommisjonen, gitt ved gjennomføringsrettsaktar. Rapportane skal gjennomgåast og verifiserast av ein uavhengig aktør. Den ansvarlege myndigheita skal syte for at rapportane vert gjort tilgjengelege for offentlegheita og Europakommisjonen.

Det stillast krav til operatøren om å nytte alle tilgjengelege verkemiddel for å unngå og å redusere metanutslepp. Det stillast òg krav om arbeidsprogram og installasjon av måleutstyr for å avdekke lekkasjar, og for reparasjon av desse, som må godkjennast av ansvarleg myndigheit. Vidare følgjer eit forbod mot fakling og ventilering, men med visse unntak. Det knytter seg rapporteringskrav også til dette. Det stillast ikkje opp noko mål eller kvantitativt krav til utsleppsreduksjon.

For inaktive brønnar stillast det krav om at nasjonale myndigheiter utarbeider data knytt til inaktive brønnar under staten sitt territorium eller under staten sin jurisdiksjon. Oversikta skal gjerast offentleg tilgjengeleg. Utstyr for måling av utslepp skal etter forslaget installerast på alle inaktive brønnar. Rapportar frå målingane skal utarbeidast og desse skal jamnleg bli sendt til ansvarleg nasjonal myndigheit. Rapportane skal verifiserast av ein uavhengig aktør. Ansvarleg myndigheit skal gjere rapportene tilgjengelege for offentlegheita, og for Europakommisjonen. Det er nasjonale myndigheiter som har ansvar for å oppfylle krava til måling og rapportering knytt til inaktive brønnar, med mindre ein ansvarleg aktør kan identifiserast. Nasjonale myndigheiter skal utarbeide ein plan for blant anna reparasjon og permanent plugging av inaktive brønner på deira territorium.

Kapittel 4 Metanutslepp i kolsektoren

Det stillast krav til overvakning og rapportering om metanutslepp frå kolgruver, både aktive og gruver som har avslutta si verksemd. Dette kapittelet av forordninga har ikkje aktualitet for norske forhold.

Kapittel 5 Metanutslepp utanfor EU

Forordninga stiller krav til informasjon frå importørar til EU. Informasjonen skal utarbeidast årleg, og Europakommisjonen vert gitt heimel til å utarbeide delegerte rettsaktar for endring av krava til informasjonen som vert krevja frå importørane.

Medlemslanda pliktar å kvart år gjere informasjonen som er motteke frå importørane tilgjengelege for Europakommisjonen. Europakommisjonen skal gjere informasjonen offentleg tilgjengeleg gjennom ein database som skal opprettast (‘Methane transparency database’). I databasen skal informasjon som rapporterast under andre delar av forordninga òg gjerast offentleg tilgjengeleg.

Europakommisjonen skal i medhald av forslaget også etablere eit globalt overvakingsprogram for metanutslepp. Det skal vere basert på satellitt-data og data henta inn under Copernicus-programmet under EU sitt romprogram. Noreg deltek i Copernicus-programmet under EØS-avtala.

Overvakingsprogrammet skal gjerast tilgjengeleg for offentlegheita, og gi jamnlege oppdateringar om omfanget, samt geografisk plassering av store kjelder til metanutslepp frå energisektoren.

Kapittel 6 Avsluttande føresegner

Det stillast krav om at nasjonale myndigheiter innfører straffesanksjonar for brot på forordninga sine krav. Desse skal vere effektive og forholdsmessige, og eigna til å hindre regelverksbrot.

Europakommisjonen vert gitt heimel til å vedta delegerte rettsaktar i uavgrensa tid, frå forordninga kjem i kraft.

Kvart femte år skal Europakommisjonen utarbeide ein rapport til Europaparlamentet og Rådet med ei vurdering av forordninga. Rapporten skal gjerast tilgjengeleg for offentlegheita. I denne samanheng vil Europakommisjonen kunne hente inn informasjon fra medlemslanda, og kan omsynta informasjon som er formidla i medlemslanda sine integrerte energi- og klimaplanar; sjå forordning 1999/2018/EU og eige EØS-notat. Om naudsynt skal Europakommisjonen føreslå regelverksendringar.

Det vert elles gjort endringar i ACER-forordninga (2019/942/EU) for ACER sin kompetanse til å utarbeide indikatorar for kostnadar knytt til forordningskrava, samt utarbeiding av tilrådingar i denne samanheng.


Merknadar
Rettslege konsekvensar

Dersom forslaget til forordning vert vurdert som EØS-relevant og vert vedteke med inneverande ordlyd, vil det krevje lov- eller forskriftsendring.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Dersom forordninga vert innlemma i EØS-avtala, vil den gjelde for petroleumsverksemda i Noreg. Det vil då koma til kostnadar for rettshavarane til installering av måleutstyr på inaktive brønnar, til auka rapportering, til inspeksjonar frå Ptil og til tredjepartsverifikasjon.  

Sakkyndige instansers merknader

Vurdering

At det dreiar seg om ei forordning inneber at det er ei bindande rettsakt som får direkte verknad for medlemslanda, etter offisiell publisering av forordninga i EU. Med andre ord krevst ingen ytterlegare gjennomføring på nasjonalt nivå. I kva grad norske interesser vert råka, avheng særleg av om forordninga innlemmast i EØS-avtala eller ikkje. Endeleg vurdering av forordninga si EØS-relevans vil gjennomførast når regelverket er vedteke frå EU si side.

Status

Det er gjennomført høyring både i EU og i Noreg, sjå innspel frå Olje- og energidepartementet her. Forslaget handsamast no av Rådet og Europaparlamentet, saman med øvrige delar av ‘Klår for 55-pakka’.