RoHS-direktivet: bruk av farlige stoff i elektrisk og elektronisk utstyr
Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/95/EF av 27. januar 2003 om avgrensing av bruk av visse farlege stoff i elektrisk og elektronisk utstyr
Directive 2002/95/EC of the European Parliament and of the Council of 27 January 2003 on the restriction of the use of certain hazardous substances in electrical and electronic equipment
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra direktivets innledning, norsk utgave)
1) Ulikskapane mellom dei lovene og forskriftene som er vedtekne av medlemsstatane med omsyn til avgrensing av bruken av visse farlege stoff i elektrisk og elektronisk utstyr, kan skape handelshindringar og vri konkurransen i Fellesskapet og dermed ha direkte innverknad på skipinga av og verkemåten til den indre marknaden. Difor verkar det naudsynt å tilnærme lovgjevinga i medlemsstatane på dette området og medverke til vern av menneskehelsa og til miljøvennleg attvinning og disponering av avfall frå elektrisk og elektronisk utstyr.
2) Under møtet sitt i Nice 7.-9. desember 2000 godkjende Det europeiske rådet rådsresolusjon av 4. desember 2000 om føre-var-prinsippet.
3) I kommisjonsmeldinga av 30. juli 1996 om revisjon av fellesskapsstrategien for avfallshandtering er det lagt vekt på at innhaldet av farlege stoff i avfall må reduserast, og dei moglege føremonene ved fellesskapsreglar for avgrensing av innhaldet av slike stoff i produkt og i produksjonsprosessen vert understreka.
4) I rådsresolusjon av 25. januar 1988 om eit fellesskapshandlingsprogram for motkjemping av miljøureining med kadmium vert Kommisjonen oppmoda til utan opphald å halde fram med utarbeidinga av særlege tiltak for eit slikt program. Menneskehelsa må òg vernast, og ein overordna strategi som særleg avgrensar bruken av kadmium og fremjar forsking på avløysingsstoff, bør difor innførast. I resolusjonen vert det streka under at bruken av kadmium bør avgrensast til tilfelle der det ikkje finst høvelege og tryggare alternativ.
5) Tilgjengelege prov viser at tiltak innanfor innsamling, handsaming, attvinning og disponering av avfall frå elektrisk og elektronisk utstyr slik det er fastsett i europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/96/EF av 27. januar 2003 om avfall fra elektrisk og elektronisk utstyr (WEEE), er naudsynte for å redusere dei avfallshandteringsproblema som er knytte til dei aktuelle tungmetalla og dei flammehemmande midla. Trass i desse tiltaka vil likevel viktige delar av avfall frå elektrisk og elektronisk utstyr framleis verte disponerte gjennom dei vanlege disponeringskanalane. Sjølv om avfall frå elektrisk og elektronisk utstyr vert samla inn separat og attvunne, vil innhaldet av kvikksølv, kadmium, bly, krom VI, PBB og PBDE kunne utgjere ein fare for helsa og miljøet.
6) Med omsyn til kva som er teknisk og økonomisk mogleg å gjennomføre, er utskifting av desse stoffa i elektrisk og elektronisk utstyr med trygge eller tryggare materiale den mest effektive måten å sikre ein vesentleg reduksjon av risikoane for helsa og miljøet på, slik at det fastsette vernenivået i Fellesskapet kan nåast. Ei avgrensing av bruken av desse farlege stoffa vil truleg gjere det enklare og meir økonomisk lønsamt med attvinning av avfall frå elektrisk og elektronisk utstyr, og minske den negative innverknaden deira på helsa til arbeidstakarar ved attvinningsanlegg.
7) Dei stoffa som er omfatta av dette direktivet, har vore gjennom nøye vitskapleg forsking og vurdering og vore underlagde ulike tiltak både på fellesskapsplan og nasjonalt plan.
8) Dei tiltaka som er fastsette i dette direktivet, tek omsyn til eksisterande internasjonale retningslinjer og tilrådingar, og byggjer på ei vurdering av tilgjengeleg vitskapleg og teknisk informasjon. Tiltaka er naudsynte for å nå det vernenivået som er fastsatt for menneske- og dyrehelsa og for miljøet med tanke på dei risikoane som mangelen på tiltak vil kunne skape i Fellesskapet. Tiltaka bør vurderast på nytt og om naudsynt tilpassast for å ta omsyn til tilgjengeleg teknisk og vitskapleg informasjon.
9) Dette direktivet skal nyttast utan at det rører ved regelverket til Fellsskapet om tryggleiks- og helsekrav og det særskilde regelverket for avfallshandtering i Fellesskapet, særleg rådsdirektiv 91/157/EØF av 18. mars 1991 om batterier og akkumulatorer som inneholder visse farlige stoffer.
10) Det bør takast omsyn til den tekniske utviklinga av elektrisk og elektronisk utstyr som ikkje inneheld tungmetall, PBDE og PBB. Straks vitskaplege data er tilgjengelege bør det, samstundes som det vert teke omsyn til føre-var-prinsippet, undersøkjast om det er mogleg å forby andre farlege stoff og byte dei ut med meir miljøvennlege alternativ som sikrar eit minst like godt vernenivå for forburkarane.
11) Det bør gjevast unntak frå kravet om utskifting dersom utskifting ikkje er mogleg frå eit vitskapleg og teknisk synspunkt, eller dersom den negative innverknaden av utskiftinga på miljøet eller helsa er venta å vere større enn dei føremonene ho har for menneske og miljø. Utskifting av farlege stoff i elektrisk og elektronisk utstyr bør òg gjerast på ein måte som kan sameinast med helsa og tryggleiken til brukarane av elektrisk og elektronisk utstyr (EEE).
12) Ettersom ombruk, reparasjon og lenging av levetida er positivt, bør reservedelar vere tilgjengelege.
13) Tilpassinga til den vitskaplege og tekniske utviklinga av unntaka frå krava med omsyn til fjerning av og forbod mot farlege stoff bør gjennomførast av Kommisjonen ved ein utvalsframgangsmåte.
14) Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre dette direktivet, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen.