Statistikk over inntektsstruktur og inntektsfordeling
Rådsforordning (EF) nr. 2744/95 av 27. november 1995 om statistikkar over inntektsstruktur og inntektsfordeling
Council Regulation (EC) No 2744/95 of 27 November 1995 on statistics on the structure and distribution of earnings
Norsk forskrift kunngjort 15.12.2020
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra rådsforordningen, norsk utgave)
For at Kommisjonen skal kunne utføre dei oppgåvene som er overlatne til han, må han haldast orientert om stoda og utviklinga for inntektene i medlemsstatane i Fellesskapet, med omsyn både til korleis dei varierer i tråd med strukturen i arbeidsstyrken, og til korleis arbeidstakarane fordeler seg etter inntektsnivå.
På grunn av utviklinga i Fellesskapet og verkemåten til den indre marknaden vert det stadig meir naudsynt med data om inntektsstrukturen som kan jamførast, særleg som eit middel til å analysere framgangen i den økonomiske og sosiale utjamninga og til å utarbeide pålitelege jamføringar mellom medlemsstatane og regionane i Fellesskapet.
Den beste måten å vurdere situasjonen for inntektsstruktur og inntektsfordeling på er å utarbeide fellesskapsstatistikkar over inntektsstrukturen ved hjelp av harmoniserte metodar og definisjonar, slik det vart gjort i 1966, 1972, 1974 og 1978 i medhald av høvesvis forordning (EØF) nr. 188/64 (EØF) nr. 2395/71 (EØF) nr. 178/74 og (EØF) nr. 495/78.
På grunn av dei endringane som skjer i strukturen for arbeidsstyrken og i inntektsfordelinga, særleg når det gjeld økonomisk verksemd, er resultata av tidlegare granskingar ikkje lenger aktuelle og omfattar ikkje alle medlemsstatane.
Dei dataa som no ligg føre for alle medlemsstatane, syner berre gjennomsnittsverdiar og kan difor truleg ikkje gje opplysningar korkje om tilhøvet mellom inntekt og individuelle særtrekk hjå lønstakarar (særleg alder, kjønn, faglege kvalifikasjonar og tenestetid) eller om inntektsfordelinga.
Statistiske opplysningar på dette området er tilgjengelege berre i nokre medlemsstatar, og difor er det ikkje mogleg å utføre forsvarlege jamføringar. Difor må statistikkane over inntektsstrukturen utarbeidast på grunnlag av felles definisjonar og harmoniserte metodar.
I samsvar med nærleiksprinsippet er skipinga av felles statistiske standardar som gjer det mogleg å utarbeide harmoniserte opplysningar, ei oppgåve som kan utførast effektivt berre på fellesskapsplan. Desse standardane skal gjennomførast i kvar medlemsstat av dei organa og institusjonane som har ansvaret for å utarbeide offisielle statistikkar.
I medhald av vedtak 93/464/EØF er utarbeiding av fellesskapsstatistikkar over inntektsstrukturen eit av dei prioriterte tiltaka i det statistiske programmet for 1993–1997.
Det bør gjerast unntak for visse medlemsstatar, slik at det vert teke omsyn til særlege tekniske vanskar som desse statane har med å samle inn visse typar opplysningar, på vilkår av at dette ikkje rører ved kvaliteten på dei statistiske opplysningane.
Utvalet for det statistiske programmet, som vart oppnemnt i medhald av avgjerd 89/382/EØF, Euratom, har slutta seg til framlegget frå Kommisjonen