Transaksjonsregistre: krav til søknad om registrering

Tittel

Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/362 av 13. desember 2018 om endring av delegert forordning (EU) nr. 150/2013 med omsyn til tekniske reguleringsstandardar som angjev kva for opplysningar som skal inngå i søknaden om registrering som transaksjonsregister

Commission Delegated Regulation (EU) 2019/362 of 13 December amending Delegated Regulation (EU) No 150/2013 as regards regulatory technical standards specifying the details of the application for registration as a trade repository

Siste nytt

EØS-notat offentliggjort 4.6.2019

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 8.5.2019)

Samandrag av innhald
Forordninga er endringar av utfyllande føresegner til europaparlaments- og rådsforordning (EU) Nr. 648/2012 (EMIR), om kva for opplysningar som skal inngå i søknaden om registrering som transaksjonsregister. Forordninga har som føremål å ytterlegare styrke rammeverket kring registrering av transaksjonsregister. Deriblant vert dette gjort ved å sørgje for samsvar med regelverket som er innført for registrering av transaksjonsregister i europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2365 om gjennomsikt ved verdipapirfinansieringstransaksjonar (SFTR). Det vert også stilt nærmare krav til opplysingar om informasjonshandsaming og interne kontrollrutinar hjå transaksjonsregisteret.

Merknadar
Rettslege konsekvensar

Forordninga vil takast inn i EØS-avtala og gjennomførast i norsk rett ved inkorporering. Dette inneber at det i forskrift vil takast inn ei føresegn om at forordningen gjeld som norsk rett.

Økonomiske og administrative konsekvensar
Forordninga får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.

Sakkyndige instansar sine merknadar
Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der berørte departement er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.

Vurdering
Kommisjonsforordninga reknast som EØS-relevant og er akseptabel.

Status
Reglane er trådd i kraft i EU. Reglane er til vurdering av EØS/EFTA-statane for å bli innlemma i EØS-avtalen.

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
Kommisjonens framlegg
Dato
13.12.2018
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Rettsakt på EU-språk
Dato
13.12.2018
Anvendelsesdato i EU
11.04.2019
Annen informasjon

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Finansdepartementet
Informasjon fra departementet