Verdipapirmarkedsdirektivet: endringsbestemmelser om mulighet for justering av antall transaksjoner for handelsplasser utenfor Unionen
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 24.3.2021)
Samandrag av innhald
Med Verdipapirmarknadsirektivet (MiFID II) vart det etablert eit krav til minste kursendring ("tick size") ved handel askjar, depotbevis, ETF, sertifikat og liknande finansielle instrument på handelsplassar. Dette inneber at det vil stillast krav til minste lovlige prisendring på eit instrument. Føremålet med kravet til minste kursendring er å hindre at marknadsaktørar kan få bedre prioritet på handelsplassen ved å endre prisen ubetydelig.
Dei nærmare reglane for å rekne ut minste kursendring er bestemt i delegert kommisjonsforordning (EU) 2017/588. Her vert det mellom anna fastsett at minste kursendring for aksjer og depotbevis skal kalibrerest ut frå kor mange transaksjonar som i snitt skjer per dag på den marknadsplassen i EØS med flest handlar i instrumentet. Denne modellen kan bli lite treffande for aksjer eller depotbevis som handlast både i og utanfor EU, men der flest handlar skjer på ein marknadsplass utanfor EU. Rettsakten innfører difor ei moglegheit for å justere antal handlar i snitt per dag for finansielle instrument som dette gjeld for.
Merknadar
Rettslege konsekvensar
Forordninga vil takast inn i EØS-avtalen og gjennomførast i norsk rett gjennom inkorporering.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Forordninga får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.
Sakkyndige instanser sine merknadar
Rettsakten er vurdert av spesialutvalget for kapitalbevegelser og finansielle tjenester, der berørte departementer er representert. Spesialutvalget fant rettsakten EØS-relevant og akseptabel.
Vurdering
Kommisjonsforordningen reknast som EØS-relevant og er akseptabel. Det er behov for tekniske tilpasninger av dato for ikrafttredelse.
Status
Reglane er trådd i kraft i EU og innlemma i EØS-avtala. Reglane er gjennomført i forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften).