Vern av arbeidstakere mot eksponering for kjemiske stoffer: gjennomføringsbestemmelser om veiledende grenseverdier (2006)
Kommisjonsdirektiv 2006/15/EF av 7. februar 2006 om fastsetjing av ei andre liste over rettleiande grenseverdiar for eksponering i arbeidet i samband med gjennomføringa av rådsdirektiv 98/24/EF, og om endring av direktiv 91/322/EØF og 2000/39/EF
Commission Directive 2006/15/EC of 7 February 2006 establishing a second list of indicative occupational exposure limit values in implementation of Council Directive 98/24/EC and amending Directives 91/322/EEC and 2000/39/EC
Norsk forskrift kunngjort 28.12.2011
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra kommisjonsdirektivet, norsk utgave)
1) I medhald av direktiv 98/24/EF skal Kommisjonen, i form av rettleiande grenseverdiar for eksponering i arbeidet som skal fastsetjast på fellesskapsplan, gjere framlegg om europeiske mål for vern av arbeidstakarar mot risikoane i samband med kjemiske agensar.
2) I samband med utføringa av denne oppgåva skal Kommisjonen få hjelp av Vitskapsutvalet for yrkeshygieniske grenseverdiar (SCOEL), som er oppnemnt ved kommisjonsavgjerd 95/320/EF
3) Rettleiande grenseverdiar for eksponering i arbeidet er helserelaterte, ikkje-bindande verdiar som er rekna ut på bakgrunn av nyaste tilgjengelege vitskaplege data, samstundes som det vert teke omsyn til tilgjengelege måleteknikkar. Med desse verdiane vert det fastsett grenseverdiar for eksponering, som vil seie at under dette nivået er det ikkje venta at eit stoff skal ha nokon skadeverknad. Grenseverdiane er naudsynte for at arbeidsgjevaren skal kunne fastsetje og vurdere risikoar i samsvar med artikkel 4 i direktiv 98/24/EF.
4) Medlemsstatane skal fastsetje ein nasjonal grenseverdi for eksponering i arbeidet for alle kjemiske agensar som har ein rettleiande grenseverdi som er fastsett på fellesskapsplan, samstundes som dei tek omsyn til fellesskapsgrenseverdien, men dei kan avgjere korleis grenseverdien skal vere i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis.
5) Rettleiande grenseverdiar for eksponering i arbeidet bør reknast som ein viktig del av heilskapsmetoden for å verne arbeidstakarar mot risikoar i samband med kjemiske agensar.
6) Resultata av dei risikovurderingane og risikoreduserande strategiane som er utvikla innanfor ramma av rådsforordning (EØF) nr. 793/93 av 23. mars 1993 om vurdering og kontroll av risikoer ved eksisterende stoffer, gjev grunnlag for fastsetjing eller revisjon av grenseverdiane for eksponering i arbeidet for ei rekkje stoff.
7) Ei første og andre liste over rettleiande grenseverdiar for eksponering i arbeidet vart fastsett ved kommisjonsdirektiv 91/322/EØF og 96/94/EF innanfor ramma av føresegnene i rådsdirektiv 80/1107/EØF av 27. november 1980 om vern av arbeidstakere mot farer ved å være utsatt for kjemiske, fysiske og biologiske agenser i arbeidet.
8) Direktiv 80/1107/EØF vart oppheva ved direktiv 98/24/EF med verknad frå 5. mai 2001.
9) I direktiv 98/24/EF vart det fastsett at direktiv 91/322/EØF og 96/94/EØF framleis skal gjelde.
10) Med verknad frå 31. desember 2001 vart direktiv 96/94/EF oppheva ved kommisjonsdirektiv 2000/39/EF av 8. juni 2000 om fastsetjing av ei første liste over rettleiande grenseverdiar for eksponering i arbeidet i samband med gjennomføringa av rådsdirektiv 98/24/EF om vern av helsa og tryggleiken til arbeidstakarar mot risiko i samband med kjemiske agensar på arbeidsplassen.
11) På grunnlag av vurderinga av nyaste tilgjengelege vitskaplege data bør dei rettleiande grenseverdiane for eksponering i arbeidet som er fastsette ved direktiv 91/322/EØF, reviderast.
12) I samsvar med artikkel 3 i direktiv 98/24/EF har SCOEL vurdert til saman 33 stoff, som er førde opp i vedlegget til dette direktivet. Av desse 33 stoffa var 17 alt førde opp i vedlegget til direktiv 91/322/EØF. SCOEL tilrår at det vert fastsett nye rettleiande grenseverdiar for fire av desse stoffa, og at dei tidlegare grenseverdiane vert haldne ved lag for 13 av dei. Dei 17 stoffa som no er førde opp i vedlegget til dette direktivet, bør difor strykast frå vedlegget til direktiv 91/322/EØF, medan dei andre ti stoffa framleis bør vere førde opp i vedlegget til direktiv 91/322/EØF.
13) Ti stoff bør framleis vere førde opp i vedlegget til direktiv 91/322/EØF. For ni av desse stoffa har SCOEL enno ikkje tilrådd nokon rettleiande grenseverdi for eksponering i arbeidet, medan det er venta at det i nær framtid vil liggje føre ytterlegare vitskaplege data for det siste stoffet, og at dei vil verte lagde fram for SCOEL for vurdering.
14) I lista i vedlegget til dette direktivet er det òg ført opp 16 andre stoff som SCOEL har tilrådd rettleiande grenseverdiar for eksponering i arbeidet for, etter vurdering av nyaste tilgjengelege vitskaplege data om helseverknader og tilgjengelege måleteknikkar i samsvar med artikkel 3 i direktiv 98/24/EF.
15) Eitt av desse 16 stoffa, klorbenzen, vart ført opp i vedlegget til direktiv 2000/39/EF. SCOEL har revidert den rettleiande grenseverdien for eksponering i arbeidet i lys av nyaste vitskaplege data, og tilrådd at det vert fastsett ein ny rettleiande grenseverdi for eksponering i arbeidet. Dette stoffet, som no er ført opp i vedlegget til dette direktivet, bør difor strykast frå vedlegget til direktiv 2000/39/EF.
16) For å ta omsyn til verknadene av kortvarig eksponering bør det for visse stoff òg fastsetjast grenseverdiar for eksponering over kort tid.
17) For å sikre eit best mogleg vernenivå er det for visse stoff naudsynt å ta omsyn til mogleg opptak gjennom huda.
18) Dette direktivet bør vere eit konkret ledd i verkeleggjeringa av den sosiale dimensjonen i den indre marknaden.
19) Dei tiltaka som er fastsette i dette direktivet, er i samsvar med fråsegna frå det utvalet som er oppnemnt i medhald av artikkel 17 i rådsdirektiv 89/391/EØF av 12. juni 1989 om iverksetting av tiltak som forbedrer arbeidstakernes sikkerhet og helse på arbeidsplassen –
20) Direktiv 91/322/EØF bør difor endrast