Vern av arbeidstakere mot eksponering for kjemiske stoffer: liste over grenseverdier (2000)
Kommisjonsdirektiv 2000/39/EF av 8. juni 2000 om fastsetjing av ei første liste over rettleiande grenseverdiar for eksponering i arbeidet i samband med gjennomføringa av rådsdirektiv 98/24/EF om vern av helsa og tryggleiken til arbeidstakarar mot risiko i samband med kjemiske agensar på arbeidsplassen
Commission Directive 2000/39/EC of 8 June 2000 establishing a first list of indicative occupational exposure limit values in implementation of Council Directive 98/24/EC on the protection of the health and safety of workers from the risks related to chemical agents at work
Norsk forskrift kunngjort 28.12.2011
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra kommisjonsdirektivet, norsk utgave)
1) I medhald av direktiv 98/24/EF skal Kommisjonen, i form av rettleiande grenseverdiar for eksponering i arbeidet som skal fastsetjast på fellesskapsplan, gjere framlegg om europeiske mål for vern av arbeidstakarar mot risikoen i samband med kjemiske agensar.
2) I samband med utføringa av denne oppgåva skal Kommisjonen få hjelp av Vitskapsutvalet for yrkeshygieniske grenseverdiar, som er oppnemnt ved kommisjonsavgjerd 95/320/EF.
3) Medlemsstatane skal fastsetje ein nasjonal grenseverdi for eksponering i arbeidet for alle kjemiske agensar som har ein rettleiande grenseverdi for eksponering i arbeidet som er fastsett på fellesskapsplan, samstundes som det vert teke omsyn til fellesskapsgrenseverdien, og dei skal avgjere korleis grenseverdien skal vere, i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis.
4) Rettleiande grenseverdiar for eksponering i arbeidet bør reknast som ein viktig del av heilskapsmetoden for å verne arbeidstakarar mot risikoen i samband med kjemiske agensar.
5) Ei første og andre liste over rettleiande grenseverdiar for eksponering i arbeidet vart fastsett ved kommisjonsdirektiv 91/322/EØF og 96/94/EF på grunnlag av føresegnene i rådsdirektiv 80/1107/EØF av 27. november 1980 om vern av arbeidstakere mot farer ved å være utsatt for kjemiske, fysiske og biologiske agenser i arbeidet.
6) Direktiv 80/1107/EØF vart oppheva ved direktiv 98/24/EF med verknad frå 5. mai 2001.
7) Dei rettleiande grenseverdiane for eksponering i arbeidet som vart fastsette ved direktiv 91/322/EØF og 96/94/EF innan ramma av direktiv 80/1107/EØF, bør vedtakast på nytt innan ramma av direktiv 98/24/EF.
8) Lista som er førd opp i vedlegget, inneheld dei stoffa som er nemnde i vedlegget til direktiv 96/94/EF, og omfattar dessutan ein del andre agensar som Vitskapsutvalet for yrkeshygieniske grenseverdiar har tilrådd at det bør fastsetjast grenseverdiar for med omsyn til eksponering i arbeidet, etter vurdering av dei nyaste vitskaplege dataa om helseverknader og tilgjengelege måleteknikkar . Av omsyn til klarleiken bør direktiv 96/94/EF difor omarbeidast.
9) For å ta omsyn til verknadene av kortvarig eksponering bør det for visse stoff fastsetjast grenseverdiar for eksponering over kort tid.
10) For å sikre eit best mogleg vernenivå er det for visse agensar naudsynt å ta omsyn til mogleg opptak gjennom huda.
11) Dette direktivet er eit konkret ledd i verkeleggjeringa av den sosiale dimensjonen i den indre marknaden.
12) Dei tiltaka som er fastsette i dette direktivet, er i samsvar med fråsegna frå det utvalet som er oppnemnt i medhald av artikkel 17 i rådsdirektiv 89/391/EØF av 12. juni 1989 om iverksetting av tiltak som forbedrer arbeidstakernes sikkerhet og helse på arbeidsplassen