Markeder for finansielle tjenester: endringer og rettinger for å presisere at priser skal avspeile gjeldende markedsbetingelser
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 24.3.2021)
Samandrag av innhald
Med Verdipapirmarknadsdirektivet (MiFID II) vart det etablert eit krav til minste kursendring ("tick size") ved handel askjar, depotbevis, ETF, sertifikat og liknande finansielle instrument på handelsplassar. Dette inneber at det vil stillast krav til minste lovlige prisendring på eit instrument. Føremålet med kravet til minste kursendring er å hindre at marknadsaktørar kan få bedre prioritet på handelsplassen ved å endre prisen ubetydelig. Kravet gjeld etter dagens regelverk for handelsplassane, som delast i kategoriane regulerte marknader, mulitliterale handelsfasiliteter (MHF) og organiserte handelsfasiliteter (OHF). Krava har ikkje omfatta handel gjennom systematiske internaliserarar (SI) . Ein systematisk internaliserarorganiserer handlar utanfor handelsplassar, såkalla "over the counter"(OTC)-handlar.
At kravet til minste kursendring ikkje gjeld for SI-ar kan danne ujamne konkurransevilkår mellom handelsplassar og SI-ar. Ein SI vil etter dagens regelverk kunne stille marginalt betre prisar enn dei som stillast på handelsplassar. For å bøte på ulikskapene er det difor vedteke at krava til minste kursendring skal gjelde også for systematiske internaliserarar.
Rettsakten gjer også mindre endringar for å ivarta samanheng med endringar i andre rettsakter.
Merknadar
Rettslege konsekvensar
Forordningen vil tas inn i EØS-avtalen og gjennomføres i norsk rett ved inkorporering. Dette inneber at det i forskrift vil takast inn eit føresegn om at forordningen gjeld som norsk rett.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Rettsakta stiller tilleggskrav til vilkåra for handel hjå norske systematiske internalisererar. Dette vil innebere at det må førast kontroll ved om SI-ane fylgjer regimet for minste kursendring i sin handel. Då systematiske internaliserarar etter gjeldande regelverk allereie er under tilsyn av Finanstilsynet, og regiment for minste kursendring etter gjeldande regelverk allereie gjeld for andre handelsplassar, vil regelendringa truleg ikkje føre med seg merkbare økonomiske og administrative konsekvenser.
Sakkyndige instansar sine merknadar
Rettsakten er vurdert av spesialutvalget for kapitalbevegelser og finansielle tjenester, der berørte departementer er representert. Spesialutvalget fant rettsakten EØS-relevant og akseptabel.
Vurdering
Kommisjonsforordningen vert reknas som EØS-relevant og er akseptabel. Det er behov for tekniske tilpasninger av dato for ikrafttredelse.
Status
Reglane er trådd i kraft i EU. Reglane er gjennomført ved forskrift om endring i forskrift til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften).