Markeder for finansielle tjenester (MiFIR-forordningen): gjennomføringsbestemmelser om fritak for Kinas nasjonalbank fra kravene om gjennomsiktighet
Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/1000 av 14. mars 2019 om endring av delegert forordning (EU) 2017/1799 med hensyn til unntaket for People’s Bank of China fra kravene om gjennomsiktighet før og etter handel i europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 600/2014
Commission Delegated Regulation (EU) 2019/1000 of 14 March 2019 amending Delegated Regulation (EU) 2017/1799 as regards the exemption of the People’s Bank of China from the pre- and post-trade transparency requirements in Regulation (EU) No 600/2014
Norsk forskrift kunngjort 18.3.2021
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 23.3.2021)
Samandrag av innhald
Den delegerte kommisjonsforordninga er utfyllande reglar til europaparlaments- og rådsforordning (EU) Nr. 600/2014 (MiFIR). Føremålet med forordninga er å unnta People’s Bank of China frå krav til gjennomsikt i handelar i MiFIR artikkel1(9) jf. artikkel 1(6). MiFIR artikkel 1(6) lempar på transparenskrava for transaksjonar der regulerte marknader, marknadsoperatørar og verdipapirføretak har eit medlem av den Det europeiske system av sentralbanker (ESSB) som motpart. Unntaket for gjennomsikt i handlar kan også utvidast til å gjelde sentralbankar i tredjeland, jf. artikkel 1(9), noko kommisjonen har vald å gjere for People’s Bank of China.
Merknadar
Rettslege konsekvensar
Kommisjonsforordninga vil takast inn i EØS-avtala og gjennomførast i norsk rett ved inkorporering. Dette inneber at det i forskrift vil takast inn ei føresegn om at forordningen gjeld som norsk rett.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Kommisjonsforordninga får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.
Sakkyndige instansar sine merknadar
Rettsakta er vurdera av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der vedkomne departement er representert. Spesialutvalet kom til at rettsakta er EØS-relevant og akseptabel.
Vurdering
Kommisjonsforordninga reknast som EØS-relevant og er akseptabel.
Status
Reglane er trådd i kraft i EU og innlemma i EØS-avtalen. Reglane er gjennomført i forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften) .