Felleseuropeisk rapporteringssystem for finansielle og ikke-finansielle bedriftsopplysninger (ESAP)
Rådsbehandling 27.11.2023 (enighet med Europaparlamentet; endelig vedtak) med pressemelding
Tidligere
- Kompromiss fremforhandlet av representanter fra Europaparlamentet og Rådet 23.5.2023
- Europaparlamentets plenumsbehandling 9.11.2023
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 25.4.2022)
Sammendrag av innhold
EU-kommisjonen foreslår ei ny forordning for innføring av eit felles europeisk rapporteringssystem ('European single access point' eller 'ESAP'). Etableringa av ESAP innan 2024 er eitt viktig mål i EU-kommisjonens handlingsplan for kapitalmarknaden som vart vedtatt i september 2021. ESAP er meint å bidra til å oppnå handlingsplanens mål om å gje tilgang til informasjon publisert av marknadsaktørar på tvers av Europa. ESAP vil gje tilgang til informasjonen på ein effektiv og ikkje-diskriminerande måte. Formålet med ESAP er å gjere informasjon meir tilgjengeleg for marknaden, og dermed bidra til å effektivt kunne allokere kapital på tvers av EU, samt å fremje utviklinga av mindre nasjonale kapitalmarknader og økonomiar ved å gje dei større synlegheit. ESAP vil også tillate selskap som ikkje er børsnoterte, inkludert store og mellomstore bedrifter ('SMB') å gjere informasjon tilgjengeleg gjennom ESAP på frivillig basis. Dette vil lette slike selskap sin tilgang på kapital.
I følgje forslaget skal all informasjon, dokumenter og rapporter som vert offentleggjort under EU-lovgjevinga av marknadsaktørar (herunder kredittvurderingsbyrå, fond, sentrale motpartar, verdipapirsentralar, utstederar av verdipapir, revisorar eller kredittinstitusjonar) sendast til ein felleseuropeisk innsamlingsmyndigheit samstundes som denne informasjonen vert offentleggjort. EU-kommisjonens forslag inneheld også konkrete forslag som spesifiserer kva metadata informasjonen minimum må innehalde, at informasjonen skal vere i eitt maskinlesbart format, samt at informasjon som vert publisert må ha eit kvalifisert elektronisk segl.
EU-kommisjonen foreslår også at relevante europeiske tilsynsmyndigheiter (ESMA, EBA eller EIOPA) skal utvikle implementeringstekniske standardar der ein presiserer dei spesifikke metadata som skal inkluderast i informasjonen, datastruktureringa av informasjonen og det maskinlesbare formatet som skal nyttast.
EU-kommisjonens forslag om innføringa av ESAP består av tre delar:
1. forslag til ny forordning om innføringa av ESAP (dette notatet),
2. forslag til direktiv med endringar av nokre gjeldande direktiv,
3. forslag til forordning om endring av nokre gjeldande forordningar.
Merknader
Rettslige konsekvenser
Forslaget er EØS-relevant og vil gjennomføres i norsk rett.
Økonomiske og administrative konsekvenser
Det er foreløpig usikkert i hvilken grad regelverksforslaget vil få økonomiske og administrative konsekvensar.
Sakkyndige instansers merknader
Finanstilsynet vurderer at regelverksforslaget er EØS-relevant og akseptabelt.
Vurdering
Forordninga er EØS-relevant og akseptabelt.
Status
Forslaget er fremlagt av Kommisjonen og til behandling i Rådet og Parlamentet.