Rapportering og transparens av verdipapirtransaksjoner: endringsbestemmelser om sanskjoner, tiltak og undersøkelser
Norsk forskrift kunngjort 1.8.2024
Tidligere
- EØS-komitebeslutning 10.12.2021 om innlemmelse i EØS-avtalen
- EØS-komitebeslutningen trer i kraft 1.8.2024 som følge av oppfyllelse av forfatningsrettslige krav av EØS-komitebeslutning om tilknyttet rettsakt
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 7.8.2024)
Samandrag av innhald
Forordninga er utfyllande reglar fra Europakommisjonen til europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2365 (SFTR) som handlar om framgangsmåtane og skjema for utveksling av opplysningar om sanksjonar, tiltak og undersøkingar i samsvar med SFTR, til Den europeiske verdipapir- og marknadsstyresmakta (ESMA). Føremålet med forordninga er å sikre at ESMA mottek komplett og nøyaktig informasjon om administrative og strafferettslege sanskjonar som er idømnd eller etterforska med heimel i SFTR. For å ivareta føremålet vil vil forordninga innføre felles prosedyrer og skjema for rapportering av desse opplysingane til ESMA.
Forordninga pålegg ikkje i seg sjølve nokon rapporteringsplikter, men klargjer innhaldet av dei rapporteringspliktene som føl av SFTR art. 25.
Merknadar
Rettslege konsekvensar
Forordninga er tatt inn i EØS-avtala og gjennomført i norsk rett ved inkorporering i verdipapirforskrifta. Dette inneber at det i forskrifta er tatt inn ei føresegn om at forordninga gjeld som norsk rett.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Forordninga har inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.
Sakkyndige instansar sine merknadar
Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der berørte departement er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.
Vurdering
Kommisjonsforordninga reknast som EØS-relevant og er akseptabel.
Status
Reglane er trådd i kraft i EU. Reglane er innlemma i EØS-avtalen og trådd i kraft i Norge.